anitariskedal 2019-07-04 11:32:31

Krav om politiattest

Politiattest skal avkrevast av personar som skal utføre oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med nedsett funksjonsevne. Med mindreårige meinast alle barn og unge under 18 år.

Personar under 18 år skal også avkrevast politiattest. Nedre grense er 15 år.

Leiar i Hjelmeland IL er ansvarleg for politiattestar, nestleiar er vararepresentant.

 

Idrettslaget kan kva tid som helst kontakte NIF for råd og rettleiing i desse sakene på telefon 800 30 630 eller på epost til politiattest@idrettsforbundet.no.