Nyheter

Hjelmeland idrettslag inviterer til fotballcup for barn og ungdom i alderen 6-12 år.

Cupen går av stabelen 30. sep - 01. okt på Hjelmeland sentralidrettsanlegg frå kl 10.00

18.07.2023
- monica

Har du lyst til å avslutta sommarferien med noko skikkeleg kjekt ? Årets fotballskule nærmer seg, og me vil veldig gjerne at DU skal vera med.

Fotballskulen er for deg som går i 4.-7. klasse og blir arrangert av vår A-lagstrenar Henrik Grønvik og nokre av hans A-lagsspelarar. Det blir tri spennande og utfordrandre dagar, der ein har fokus på fotballglede, meistring og det å tørre å feile.

18.07.2023
- monica

Har du lyst til å starta sommarferien med noko kjekt? I år som i fjor arrangerer me Full Fart for 3. - 7. klasse. 

24.05.2023
- Torborg

Medlemmer blir med dette kalla inn til årsmøte i Hjelmeland idrettslag.

Onsdag 15. mars kl. 19.30, Klubbhuset.

08.03.2023
- Torborg

Me ønsker at flest mogleg barn og ungdom skal vere med i ein eller fleire aktivitetar i regi av idrettslaget og vil nå opne opp Klubbhuset to ettermiddagar i veka. Her kan barn og unge gjera lekser, halde på med aktivitetar og få seg eit sunt og enkelt målttid. Til dette treng me ein engasjert vaksen som kan organisera tilbodet. 

11.06.2022
- Torborg

Torsdag 26. mai inviterar me til Fisterløpet - både med turklasse og konkurranseklassar. 

10.05.2022
- skyrkjee

Er du ny i idrettslaget eller vurderer du å melde deg inn? Me har samla ei oversikt over medlemskontingenten. 

23.09.2021
- skyrkjee

24. mars 2021 hadde me årsmøte via Teams. Me hadde fleire saker opp i årstmøtet, som kan vera greitt å orientera seg om. 

20.04.2021
- skyrkjee

Me har hatt kontakt med smittevernlegen i kommunen og med det som bakgrunn stoppar me all trening i 14 dagar framover. Dette gjeld treningar både ute og inne. Målet er å begrense sosial kontakt til eit minimum for å få ned smitten, slik at me ikkje får ei rask spreiing av viruset og dermed auka sjukdom. Me har trua på at me saman får til dette! 

05.01.2021
- skyrkjee

No kjem snart medlemskontingenten for 2020. Seint, men forhåpentlegvis godt! Nytt frå i år av er at du får ein e-post, med ei lenke som fører deg til di brukarside på hjelmelandil.no. Her ligg oversikt over medlemsskap som du administrerar (familiemedlemmer). Medlemskontigenten ligg i handlekorga, og det er berre å gå rett til betaling. Lett som ein plett!

08.09.2020
- skyrkjee

Me startar opp igjen med rulleskitrening, for dei som har vore med før, på fredag 21. august kl. 17.00, ved Klubbhuset. Nybegynnarar ønsker me velkomne fredag 28. august kl. 17.00. Alle som har lyst til å prøve seg på rulleski er velkomne. Me vil gjerne ha ennå fleire med på skitrening. 

21.08.2020
- skyrkjee

Me vil til ei kvar tid forsøke å vera så trofaste som mogleg til retningslinjene frå Norges Fotballforbund og helsemyndighetene. Det er ekstremt viktig at alle som har ei rolle i barne- og ungdomsfotballen med avvikling av kampar les gjennom og sett seg godt inn i dei ulike elementa. Dei som naturleg har ei rolle er alle spelerane, trenerane, lagleiarane og foreldre/føresette/publikum. Nedanfor følger egne punkt og retningslinjer for kvar enkelt rolle. Mykje av dette er retta til vår eigne lag og støtteapparat, men informer gjerne lag som kjem for å spele på Hjelmeland også.

19.08.2020
- skyrkjee

19. mai hadde me årsmøte i idrettslaget og det vart då valt nytt styre.

 

26.05.2020
- skyrkjee

På idrettslaget sitt årsmøte fekk Jarle Mjølhus tildelt Ildsjelprisen frå Sparebankstiftelsen for sitt engasjement for idrettslaget vårt. Prisen var eit bilete og ein diplom til Jarle, samt kr 25 000,- til idrettslaget. Arne Håkon Riskedal delte ut prisen på vegne av Sparebankstiftelsen. 

26.05.2020
- skyrkjee

Me har i dag fått kr 18.750,- frå Hjelmeland Sparebank sitt gåvefond. Pengane skal brukast til å kjøpe hjertestarter til klubbhuset. 

18.12.2019
- anitariskedal

Måndag 11. november arrangerte Hjelmeland idrettslag medlemsfest på klubbhuset med aktivitetar, god mat og sosialt samvær.

12.11.2019
- anitariskedal

Årets Viglesdalsløp gjekk av stabelen 23.06.19, og var det 37 løpet hittil. Her er litt informasjon om løpet i frå komitéen.

04.07.2019
- anitariskedal

Kalender

Mars
MTOTFLS
26272829123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket