anitariskedal 2018-09-11 08:58:13

Litt om oss

Hjelmeland idrettslag er eit idrettslag for alle som bur i Hjelmeland kommune.
(Bur du ein annan stad og ønsker å vere med, er du sjølvsagt velkomen til det!)

Vårt hovudfokus ligg på fotball, handball og ski, men vi har også ei trimavdeling som arrangerer fleire løp (tur, løp, sykling ...),
og i tillegg barnetrim og badminton. Alt dette finn du  meir informasjon om under dei ulike fanene.

Vi ønsker at flest mogleg barn og ungdom skal vere med i ein eller fleire aktivitetar i regi av idrettslaget, og har difor valgt å legge oss på ein låg medlemskontigent. Dette hadde ikkje vore mogleg utan fantastisk god støtte frå våre sponsorar. I tillegg krev det noko dugnadsinnsats frå våre medlemer.