Gjennomføring av kampar framover

Me vil til ei kvar tid forsøke å vera så trofaste som mogleg til retningslinjene frå Norges Fotballforbund og helsemyndighetene. Det er ekstremt viktig at alle som har ei rolle i barne- og ungdomsfotballen med avvikling av kampar les gjennom og sett seg godt inn i dei ulike elementa. Dei som naturleg har ei rolle er alle spelerane, trenerane, lagleiarane og foreldre/føresette/publikum. Nedanfor følger egne punkt og retningslinjer for kvar enkelt rolle. Mykje av dette er retta til vår eigne lag og støtteapparat, men informer gjerne lag som kjem for å spele på Hjelmeland også.

2020-08-19
skyrkjee

Motstandarlag og gjester

  • før lister over alle spelerar, trenerar, lagleiarar, foreldre/føresette og andre publikumere
  • i følge krava skal de oppbevare namnelister i 10 dagar frå kamptidspunktet
  • me i Hjelmeland IL tek kontakt for å få besøkslista dersom det skulle oppstå ein smittesituasjon
  • lagleiar frå Hjelmeland IL må sørge for at gjestande lag har fått med seg denne informasjonen

Kamptropp

Me ønsker å begrense kor mange som totalt oppheld seg på anlegget vårt.
For å kunne sikre at me ikkje er unødvendig mange på banen samstundes ønsker me at:

  • de hald troppane på eit fornuftig nivå
  • de ikkje stillar med unødvendig mange spelarar

Trenarar/lagleiarar

  • lag som spelar 3/5/7/9 fotball kan stille med maks 2 trenarar. Øvrige må opphalda seg i publikumsområdet
  • lag som speilar 11 fotfall har ingen begrensning på antall trenarar 
  • alle kampar skal vera registrert som eit arrangement på S2S
  • hele kamptroppen skal vera registrert som deltagande på arrangementet
  • alle kampar skal ha ein dedikert kampvert
  • lagleiar skal til ei kvar tid ha kontroll på kven som er trenarar, kven som køyrer, spelarar som er med og kven som er kampvert
  • publikum som føresette, søsken, besteforeldre eller andre skal registreres av kampvert og oppbevarast i 10 dagar
  • ved bortekampar skal også lagleiar ha kontroll på alle som tilhøyrer vår tropp. Altså; navn på spelarane, trenarane, lagleiarane og publikum. Dette må oppbevares i inntil 10 dagar.
  • Planlegg køyring til kampar med tanke på skulekrets og alderstrinn. I den grad det er mogleg bør ein unngå at barn frå ulike skular og ulike alderstrinn sitt i same bil. Dersom det lar seg gjera, bør ein ha god plass i bilen i dei tilfella der ein ikkje klarer å oppfylle dette.
  • bruk ale banane på Fister og i Årdal for å avlasta kapasiteten på idrettsanlegget

Foreldre/føresette/publikum

  • alle publikum utiver spelerane sine føresette skal vera registrert på førehand
  • for Hjelmeland IL vil det seia at alle namn skal vera registrert hos lagleiaren
  • for gjestelag gjeld reglane som nemnt i første avsnitt
  • på alle banane vil det vera publikumsområde og det skal til ei kvar tid vera minst to meter mellom publikum og banen/speleflata
  • hugs 1-meteren til kvarandre
  • spelerane kan kun opphelde seg på banen eller i innbyttarsona og kan aldri gå inn i publikumsområdet
  • når kampen er slutt må publikum forlata området så raskt, trygt og effektivt som mogleg

Spelarane

  • føler du deg ikkje i form? Då skal du heller ikkje møte til kamp. Gje beskjed til trenar/lagleiar så snart som mogleg. 
  • hugs 1-meteren når du er innbyttar eller ikkje i spel
  • spelarar kan opphalde seg anten på banen eller i innbyttarsona. Spelarar kan ikkje opphelde seg i publikumsona. 

Dommar

Hovudansvaret for at me følger koronareglane ligg hos trenarane og lagleiarane (kampvert), men som dommar er det veldig fint om du hjelp til og følger ekstra med. Ser du noko som ikkje er rett, gje beskjed til dei det gjeld eller til Hjelmeland IL sin trenar/lagleiar. 

Kampvert

  • kvart lag som speler kamp skal ha ein eigen kampvert
  • kan vera ein av trenarane eller ein annen vaksen person som har fått oppdraget
  • må møta tidlegare og ta på seg "kampvert" vest
  • kvart lag får ein vest. Laget har ansvar for å passa på desse og bruka dei på kvar heimekamp
  • skal før kamp opphalde seg ved parkeringsplassen og ta i mot sitt motstandarlag
  • når motstandarlag kjem skal du føre laget raskaste veg til rett bane
  • gje trenar/lagleiar ein kort repetisjon på rutinene våre rundt publikumsområdet, minn dei også på å oppbevara lister over alle som er i kampfølget osv. 
  • under kampen skal du kontrollera avstanden mellom folk og generelt gjennomføring i henhald til Fotballen si koronahandbok

Garderobe og toalett

  • desse har inge moglegheit til å bruke
  • toalett kan brukast ved behov, men kontaktflater må vaskast av trenar/legleiar/kampvert

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket