Ildsjelprisen frå Sparebankstiftelsen

På idrettslaget sitt årsmøte fekk Jarle Mjølhus tildelt Ildsjelprisen frå Sparebankstiftelsen for sitt engasjement for idrettslaget vårt. Prisen var eit bilete og ein diplom til Jarle, samt kr 25 000,- til idrettslaget. Arne Håkon Riskedal delte ut prisen på vegne av Sparebankstiftelsen. 

2020-05-26
skyrkjee

Jarle er leiar av fotballgruppa og har vore det i mange år. Han har vore heilt sentral i arbeidet med kunstgrasbane og klubbhus på Hjelmeland, samt drift og vedlikehald av anlegga elles. Han har brukt enormt mange timar i mange år, på fotballbanen eller i hallen, som trenar. Prisen er veldig fortent og me i idrettslaget set stor pris på at Jarle fekk prisen, og er sjølvsagt takknemlege for pengegåva. 

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket