MEDLEMSFEST

Måndag 11. november arrangerte Hjelmeland idrettslag medlemsfest på klubbhuset med aktivitetar, god mat og sosialt samvær.

2019-11-12
anitariskedal

 

Sidan dette er andre året det vert arrangert ein slik fest i klubbhuset, må det vel no vere å rekne som ein tradisjon. Oppmøtet var det iallefall ikkje noko å sei på, og det var nesten så ein kan lure på om vi har bygd stort nok? Herlig!

Dyktige folk på kjøkkenet sørga for god mat til alle frammøtte. Grilling av pølse og hamburger til så mange er imponerande i november, og ut frå køa rundt buffeten, såg det ut som om maten fall i smak. Etterkvart dukka det også opp både kaffi og kaker på bordet. 

Vi fekk også besøk av Vikingspelarane Even Østensen og Sondre Flem Bjørshol. Dei to poplulære spelarane fortalte litt om sin veg fram mot toppfotballen, og kor viktig det å stå på når det er noko du verkeleg vil. Dette er gode råd for borna å ta med seg enten det er handball, fotball eller ski som er hovudidretten. Vikingspelarane stod også i bresjen for aktivitetar ute, med litt mykje hjelp frå dei lokale, og det var stort engasjement å spore ute på bana. Til slutt var det utdeling av premiar til vinnarane av dei ulike konkurransane, og også refleksvestar til alle aktive i idrettslaget.

Det var heldigvis også tid til å få autografar og selfiar ilag med Even og Sondre, noko som kanskje var den aktiviteten som drog den lengste køa?

Takk til alle som møtte opp, og alle som var med og hjalp til!!

 

 

Foto: Brit Dagrun H. og Torunn M.

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket