Medlemskontingent 2020

No kjem snart medlemskontingenten for 2020. Seint, men forhåpentlegvis godt! Nytt frå i år av er at du får ein e-post, med ei lenke som fører deg til di brukarside på hjelmelandil.no. Her ligg oversikt over medlemsskap som du administrerar (familiemedlemmer). Medlemskontigenten ligg i handlekorga, og det er berre å gå rett til betaling. Lett som ein plett!

2020-09-08
skyrkjee

Denne endringa kjem blant anna som følge av endringar i reglane til Norges idrettsforbund. Endringa gjer også at me ikkje lenger har familiekontigent.

Årsmøtet i idrettslaget har gjort vedtak om nye kontingentsatsar:

Type medlemsskap Pris i kr
Enkeltmedlem barn i skulealder 500
Enkeltmedlem vaksne 500
Enkeltmedlem førskule Gratis
Støttemedlem 300

(Idrettslaget dekker kontingenten for dei som har fritidskort)

Me blir veldig glade for tilbakemelding dersom du oppdagar feil i fakturaen, eks. feil kontigentsats eller at du får faktura for eit barn som er utmeld eller at nokon manglar. Jo raskare du gir tilbakemelding, jo raskare får me retta opp feilen.

Kontingent også i korona-året?

Kanskje er det nokon som lurer på om det er rett å kreva full kontingent i eit år der aktiviteten har vore mindre på grunn av korona-restriksjonane.
For idrettslaget er kontigenten viktig også i år! Både for å kunna halda fram med aktiviteten resten av året og for å legga til rette for aktivitet også framover.

Me håpar på forståing for det.

 

Kalender

Juni
MTOTFLS
2627282930311
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket