Viglesdalsløpet 2019
Årets Viglesdalsløp gjekk av stabelen 23.06.19, og var det 37 løpet hittil. Her er litt informasjon om løpet i frå komitéen.
HISTORIKK
Viglesdalsløpet er eit 37 år gamalt løp, som vert arrangert i Årdal i Ryfylke (ca 1 god time frå Stavanger). Løpet går på ein gamal krøttersti tur/retur Nes-Viglesdal, dreg deg opp ca 300 høgdemeter, og er totalt på 14 km. Dette er med andre ikkje eit løp som er verken spesielt bratt eller langt, men vi tek det igjen i den mentale utfordringa det byr på; for der andre løp stoppar på toppen, skal du her springe tilbake til start for å kome i mål. Kvart steg må vere gjennomtenkt, for dette er ikkje ei løype der du vil tråkke feil på veg ned dei bratte berga, eller dei steinete urene. Du må rett og slett krige litt med deg sjølv for å tørre å sleppe deg laus i nedoverbakkane der, og det er akkurat dette som gjer at fleire av våre løparar vender tilbake år etter år.
Stavanger turistforening har eit av sine mest besøkte turisthytteområde i Viglesdalen, så dette er i utgangspunktet ein godt besøkt turløype. Stien går ved sida av ei elv, og du passerer også fleire flotte fossar på vegen, i tillegg til beitedyr som sau og kyr.
Som ein kuriositet var denne stien klassifisert som fylkesveg heilt fram til nittitalet, då den vart nedklassifisert til kommunal veg som den er per i dag.
Etter at løpet har vore litt nedprioritert ei periode, er vi er no i ferd med å jobbe med å få løpet opp og fram igjen, og har som mål å få auka talet på både gåande og springande framover.
ÅRETS LØP
Gjekk av stabelen 23.06.19, med 98 turgåarar og 28 i løpsklassa. Dette er færre enn vanleg, men med fleire lokale hendingar, og andre konkurrerande løp, vart det slik i år. Véret var bra, med ca 15 grader og lettskya. Det var litt vått i løypa, noko som gjorde det utfordrande på veg ned, og medførte to besøk hjå legevakta. Arrangøren sette som vanleg opp kafé på Nes, med nysteikte lappar, pølser, is og brus. Nytt av året så hadde vi fått med oss ein jordbærselgar med lokale bær til sals. Oppe i Viglesdalen hadde vi i år, som alle andre år eige vertskap på plass, som serverte fruktsuppe og kaffi til dei gåande, og energidrikk til løparane. Ein diskuterer stadig om fruktsuppa si tid er over, men konkluderer kvar gong med at slike tradisjonar tør vi ikkje tulle med.
Alle resultata frå løpet finn ein på eqtiming, men dei fire klassene vart i år vunne av Øyvind Røgenes (M senior), Marie Kloster (K senior), Steinar Frønsdal (M12-17) og Hedda O. Viga (K12-17) med beste tid 01.08.35. Vi har pengepremier til dei tre beste i kvar klasse, og ei eiga premie for førstemann som klarer løpet under 1 time. Den premien har enno ikkje blitt utbetalt, sjølv om det har stått om sekund fleire gongar.
Følg gjerne @viglesdalslopet på instagram og Viglesdalsløpet på facebook