skyrkjee 2021-02-23 18:59:26

Sesonginformasjon - vinteren 2021

Her kjem ei oversikt over aktuelle skirenn, treningssamlingar og anna informasjon om skisesongen. Denne sesongen er det mykje som framleis er usikkert, men me både håpar og trur at dei lokale skirenna skal kunne arrangerast nokolunde som før. 

Skirennn

For å melde seg sjølv eller andre på skirenn må ein lage ein brukar på minidrett.no. Sett bort i frå  skikarusell i Suldal og eventuelle renn på Bjødnabu, så betalar me påmeldingsavgifta for våre løparar. Velg alternativet «klubben betalar» når de melder på, så ordnar me resten! 

Ei kort innføring i korleis langrenns-Noreg er organisert: 

  • Skiforbundet har delt landet opp i ulike krinsar, og Hjelmeland il høyrer til Agder og Rogaland  skikrins. Dei ulike krinsane er igjen delt opp i mindre sonar, og me høyrer til i sone Ryfylke  saman med Suldal, Sauda, Vindafjord og Plogen (Haugesund).
  • Fram til og med 12års-klassa (6.klasse i skulen) konkurrerar ein i sonerenn. - Frå 13år (7.klasse i skulen) og oppover blir det kåra krinsmeistrar, og ein kan (normale  sesongar) delta i nasjonale renn som Ungdommens Holmenkollrenn (13 og 14år),  Hovedlandsrenn (15 og 16år) og Norgescup (17år og oppover).
  • Merk at aldersklassane blir bestemt ut i frå kor gammal ein blir i 2021: 
    • Altså, er ein fødd i 2010 og blir 11 år i løpet av 2021, så konkurrerar ein 11års-klassen  sesongen 2020-2021.

Ut i frå dette kjem me i Hjelmeland il – Ski til å komme med eit forslag til terminliste for til dei opp  til og med 12år, og eit utvida forslag til dei som konkurrerar i 13års-klassa og oppover. Det er  likevel ingenting i vegen for at dei under 13 år kan reise på fleire renn om dei har lyst til dette :)  I tillegg kjem skikarusellen i Suldal som består av 4 skirenn i løpet av vinteren. Denne er tilrettelagt  for absolutt alle nivå og aldrar, eldstemann som deltek er langt over 80! Her er Hjelmeland il – Ski  med og arrangerer det eine rennet, og desse datoane blir klare seinare i vinter. 

 

På dei fleste skirenn som står i terminlista under vil Hjelmeland il – Ski stille med vimpel (og  kanskje eit smøretelt) som samlingspunkt ein stad rundt stadion. Dette blir eit samlingspunkt der  ein får utdelt startnummer, får eventuell informasjon om skirennet, og ein stad der ein får hjelp til å  smøre ski. Her får alle hjelp uavhengig av kva kunnskap ein har om skismøring frå før! Frå dette  samlingspunktet kan me òg organisere felles oppvarming. Og husk: Alltid oppmøte med jakke  eller vest med «Hjelmeland il» på dersom ein har, då finn me kvarandre og viser godt igjen!

Terminliste for dei til og med 12 år

Skirenn Type renn Stilart Tid og stad
Ryfylkemeisterskap Sonemeisterskap Fristil/skibytte Onsdag 17. mars, Mosvatnet (Gullinghuset)
KM del 2? Kretsmesterskap Krinsmeisterskap Klassisk/fristil

Dersom me får arrangementet: 20. og 21. mars, Mosvatnet (Gullinghuset)

Terminliste for dei frå 13 år og oppover

Skirenn Type renn Stilart Tid og stad
Sesilåmi Turrenn Klassisk 13. mars, Setesdal Sirdal
Ryfylkemeisterskap Sonemeisterskap Skibytte 17. mars, Mosvatnet (Gullinghuset)
KM del 2? Krinsmeisterskap Klassisk/fristil 20. og 21. mars, Mosvatnet?