Bli med på Full fart og fotballskule

Har du lyst til å starta sommarferien med noko skikkeleg kjekt? Full fart 2022 og årets fotballskule nærmar seg, og me vil veldig gjerne at du skal vera med! Du kan velje å vere med på fotballskule, Full fart eller begge deler. 

 

2022-05-16
skyrkjee

Fotballskule torsdag 23. juni og fredag 24. juni

  • kl. 12-15:30
  • for deg i 4. - 7. klasse
  • to fotballøkter
  • god pause mellom øktene med sunt og godt mellommåltid
  • fokus på fotballglede, meistring og det å tørre å feile
  • A-lagstrenar Henrik Grønvik kjem med nokre av hans A-lagsspelarar

Pris: kr 500

Full fart måndag 27. - onsdag 29. juni

  • kl. 9-15
  • for deg i 3. - 7. klasse
  • aktivitet, vere aktiv og saman med andre
  • ulike aktivitetar kvar dag
  • kanopadling, mesternes mester, handball, rulleski, innebandy 
  • god og sunn lunsj med frukt kvar dag
  • alle får eiga drikkeflaske og t-skjorte

Pris: kr 700

Bli med på både Fotballskule og Full fart? 

Totalt fem dagar med kjekke aktiviteter. 

Pris for begge deler er kr 1200. 

Vil du vera med? 

Send påmelding til Sunniva Ur Fjørtoft på e-post: sunniva98@hotmail.no (OBS! .no IKKJE .com) eller tlf. 406 15 336 innan. 

Skriv

  • fullt namn
  • klasse
  • ønska tilbod (Fotballskule, Full fart eller begge deler)
  • størrelse på t-skjorte
  • kontaktinformasjon til føresette 
  • ev. allergiar 

Du vil få bekrefta påmelding på e-post eller sms. Dersom du ikkje får svar i løpet av nokre dagar, er det fint om du sjekkar e-post/sms og sender påmeldin på ny. Ellers er det berre å ta kontakt om du lurar på noko.

Me gler oss til å treffa både deg som er ny og du som har vore med før!

Kalender

April
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket